mastodon.world is one of the many independent Mastodon servers you can use to participate in the fediverse.
Generic Mastodon server for anyone to use.

Server stats:

12K
active users

#julekalender

0 posts0 participants0 posts today
Replied in thread

Luke 24! På julaftan i barndommen min var Disney på formiddagen eit høgdepunkt. Startar derfor denne siste luka med GöteborgsMusiken sitt flotte Disney-potpurri: youtube.com/watch?v=v_OtGeUdSf

No er eg vaksen og bur i #Bergen, så eg synest det er fint å kunna avslutta med Asgeir Eide Olsen sin vakre «Jul i Bergen», der handlinga føregår nettopp «på selve kvelden»: youtube.com/watch?v=4lIUmew6Yt

God jul! 🎅🏻

Replied in thread

Luke 23. Den vakre songen «Koppången» har blitt ein moderne klassikar i Sverige, men er merkeleg nok ikkje så kjend i Noreg (til trass for at Sissel Kyrkjebø har spelt inn ein versjon). Det finst mange innspelingar, men eg synest original­versjonen til Anne Sofie von Otter er nydeleg:
youtube.com/watch?v=76pVXKhxhJ

De af fleste af jer, som følger med i TV2s fortløbende nissedokumentar, den lidt farverigt betitlede "Tinkas juleeventyr", vil vide, at Nisseforskningen for længst har påvist, at forløbet omkring Kong Storm naturligvis er inspirationen bag tredje bind af Tolkiens "Ringenes Herre", som jo netop henter sin titel, "Kongen vender tilbage", fra den begivenhedsrække, som står i centrum af dokumentarens narrative linje. 1/

Replied in thread

Luke 20. Jennifer Thomas lagar storslått musikk for klaver med orkester. Her er «Winter Symphony» frå jule-/vinteralbumet hennar med same namn:

youtube.com/watch?v=a7mPC11SVv

Heile albumet er kjempebra, og det (og dei andre albuma hennar) er på sal med 25 % rabatt no i desember: jenniferthomasmusic.com/collec

Replied in thread

Luke 18. Tid for å stifta kjennskap med Holly, Carol, Candy og Joy. Fengande musikk, ordspel, kan det bli betre? youtube.com/watch?v=Duy7ibl4Np

Etter mi meining er JD McPherson sitt julealbum «Socks», der denne er henta frå, eit av dei beste som har komme ut dei siste åra. Her er det berre gode songar. Løp og kjøp:
jdmcphersonjr.bandcamp.com/alb

Replied in thread

Luke 17. Ellen Sofie Hovland skriv viser om menneske – menneskelege relasjonar og menneskelege kjensler. Men eg vert ikkje heilt klok på teksten i denne julevisa. Her er ei blanding av kvardag og det opphøgde. Er det kritikk av julemas og -strev eller ei hyllest til det fine med jula? Truleg litt begge delar. Ein kan ha tvisyn, og det er nok mange med eit litt ambivalent forhold til jul.
youtube.com/watch?v=GkgLXTvCxl

Replied in thread

Luke 16. George Nagata med ein vakker pianoversjon av «Grown-Up Christmas List»:
georgenagata.bandcamp.com/trac

Litt av innhaldet i ønskelista:

«No more lives torn apart
That wars would never start
[…]
This is my grown-up Christmas list»

Det finst fleire innspelingar, men eg likar den originale duett­versjonen med Natalie Cole og David Forster: youtube.com/watch?v=iOic7t1kZo

Continued thread

Luke 11. Gled dykk – korsong- og tamburintid! Litt religiøs musikk i dag, og overraskande fengande. «Gaudete! Gaudete! Christus est natus»: youtube.com/watch?v=67IwpsFvmI

Og viss de lurte, så tyder «gaudete» nettopp «gled dykk». Elles har nynorsk Wikipedia omsetjing av resten av teksten: nn.wikipedia.org/wiki/Gaudete#

Continued thread

Luke 10. «Let it snow, let it snow, let it snow» heiter det i den klassiske julesongen. Ja, veldig koseleg med snøfylte landskap og gater, men sidan eg bur i #Bergen, kjenner eg meg ofte meir igjen i Jul på Sunnmørsk sin versjon, «Det ekje snøv, det e’ sludd, det e’ regn»:
dugnadrec.bandcamp.com/track/d

Continued thread

Luke 9. Her har me Snow Miser frå 1974: youtube.com/watch?v=SiCBzcqCVJ
Og Heat Miser frå same år (og same TV-animasjonsfilm): youtube.com/watch?v=7T4uI9Kde4
Utruleg kva moderne oppskaleringsteknikk kan få til!

Men viss de heller vil ha ein nedlastbar versjon av songen, har Rich Chambers og hans Santa’s Rockin’ Band ein fin ein på Bandcamp: richchambers.bandcamp.com/trac

Continued thread

Luke 8. Greitt, dette er ikkje akkurat ukjend musikk. Men Bugge Wesseltofts album «It’s Snowing on My Piano» er så stillferdig og nydeleg at det er perfekt å slappa av med på ein søndag:
youtube.com/watch?v=y1fxT9OT3m

Eit av verdas beste julealbum?

(Trykk på lenkja ovanfor, ikkje nedanfor, for å høyra heile albumet.)